Ål bibliotek

Mange sier at de gjerne vil lese mer. Den beste inspirasjonen får vi fra andre lesere. Kampanjen #leslikogdel gir deg gode boktips fra kjentfolk i nærmiljøet. Klikk på bildene under for å se hva de anbefaler.

Solveig Vestenfor ­

Ordførar i Ål kommune

“Klassikarane les eg som eit historisk dokument over ei tidsepoke, samtidig som dei beste av dei har relevans den dag i dag. Dei handlar rett og slett om det å vere menneske og kva det inneber.”

Sveinung Hansen

Prost i Hallingdal

“Om ein skal lære noko om mennesket, må ein lese skjønnlitteratur og ikkje fagbøker og psykologi, tenkjer eg.”

Marit Sehl

Operasongar og songlærar

“Når eg får eit godt forhold til hovudpersonen blir det nærast umogeleg å stoppe å lese, då må eg vite korleis det går!”

Vi er endeleg på plass i nye lokale på kulturhuset!

Ål bibliotek inviterer deg til å dele mange gode lesetips utover hausten og vinteren! Kom på biblioteket, og følg oss på Facebook og Instagram. Og du må gjerne dele dine eigne leseopplevingar under emneknaggen #leslikogdel.

Om ikkje bibliotekarane våre er på jobb,
kan du likevel kome innom og låne bøker
i kulturhuset sine opningstider.

Myren 40, 3570 Ål
Telefon: 32 08 51 20
biblioteket@aal.kommune.no
www.hallingdalsbiblioteka.no/al-bibliotek/
www.aal.kulturhus.no