Ål bibliotek

Marit Sehl

Operasongar og songlærar

Det er vel ofte anbefalingar frå vener og kjende som gjer at eg vel å lese ei bok. Men det hender at det berre er noko som dreg meg mot ein tittel utan at eg veit kva som ligg bak. Då eg var liten, var eg ein bokslukar, eg låg gjerne med lommelykt etter leggetid og vart aldri ferska. Når eg får eit godt forhold til hovudpersonen blir det nærast umogeleg å stoppe å lese, då må eg vite korleis det går!

William Shakespeare – Romeo og Julie og En midtsommernatts drøm –1595-96

Eg kom over eit prakteksemplar av desse to stykka, og tenkte vel strengt tatt at den boka ser så fin ut, at den vil eg ha i hylla! Eg har jo sunge sonettane frå desse teaterstykka, men altså aldri lese dei før. Det er ei tjukk bok, så eg hadde sett fram til å riktig kose meg og lese lenge, men der bomma eg! Eg vart nesten ­skuffa over kor kort tid det tok, for det er jo berre replikkar! Men det er heilt opplagt at mannen kunne skrive, den lange og krokete historia til Romeo og Julie blir folda ut gjennom replikkane på ein slik vakker og musikalsk måte at det nesten er til å grine av. Det er verkeleg stor kunst! «En midtsommernatts drøm» er ein komedie med ei rekke kjærleiksforviklingar med figurar frå gresk mytologi og ein slags hovudkarakter i djevelfiguren Puck. Ein skulle tru det var tungt å lese Shakespeare, men det er det altså ikkje!

Yuval Noah Harari – Homo deus. En kort historie om i morgen – 2015

Medan førre bok av Harari omhandla mennesket­ si utvikling og historia fram til i dag, tek denne for seg samtida og framtida vår. For­fattaren trekker dei lange linjene i historia, og han er like god på det når han ser fram­over som når han ser bakover. Han tek for seg dei aller største spørsmåla, kvifor er vi her på denne planeten? Dette er spørsmål som er vorte ­diskutert i mange hundre år, og det finst så mange ulike historier om det, men ­Harari tek veldig sakleg stilling til det. Han brukar kompetansen sin som historikar for å forklare kvifor ting kan oppstå og ­korleis det kan utvikle seg vidare. Og så gjer han greie for ulike versjonar­ av «sanninga» og presenterer det på ein måte som tek i vare respekten for ulikskapane. Alt dette gjer han veldig interessant og forståeleg.

Trygve Gulbranssen – Og bakom synger skogene – 1933

Denne boka har lenge stått i hylla heime og har rett og slett tilhøyrt bestemor mi. Men i påska for eit par år sidan tok eg ho ut og vart liggande på sofaen og lese til langt på natt. Den fortel om menneske som er veldig annleis enn meg, frå ei tid langt frå mi eiga og under heilt andre forhold, men dei har likevel mange av dei same spørsmåla om livet som me kan ha. Dei må berre gjere harde prioriteringar utifrå­ verda dei lever i og religionen og kulturen dei tilhøyrer. Tankeprosessane deira er utruleg bra beskrive, og eg får ein sterk sympati for personane! Det er lesing som skapar ei større forståing for slikt som ikkje ligg nært meg sjølv. Dette er fyrste roman i ein trilogi, der handlinga byrjar på slutten av 1700-­talet, og temaet er kampen mellom dei ulike klassane og tradi­sjonen som møter nye tankar og impulsar. Denne boka og heile ­trilogien gjorde veldig sterkt inntrykk på meg.