Ål bibliotek

Solveig Vestenfor

Ordførar i Ål kommune

Åra som lærar prega jo mykje av bokutvalet ei stund. No for tida får eg gode tips av dottera mi som òg les ein del. Eg er glad i både norske klassikarar og såkalla kiosklitteratur, og når eg fyrst har starta på ei bok, les eg ho ferdig uansett. Klassikarane les eg som eit historisk ­dokument over ei tidsepoke, samtidig som dei beste av dei har ­relevans den dag i dag. Dei handlar rett og slett om det å vere menneske og kva det inneber.

Traudl Junge –  Til siste slutt – 2002

Traudl Junge var Hitler sin siste sekretær. Ho vaks opp i Aust-Tyskland og drøymde­ vel ­eigentleg om ein karriere som dansar,­ men av ulike årsaker enda ho altså opp som sekretær hjå Europas store despot. Ho maskinskreiv ­talene hans, breva og til og med private og politiske testament, og var ein av Hitlers næraste og mest tiltrudde ­arbeidarar. Traudl har skrive om opplevingane frå dei ­inste ­kretsane heilt fram til dei siste timane i ­bunkeren. Eg er ­veldig ­historieinteressert og då særleg oppteken av 2. verdskrig, som jo har prega landet vårt i stor grad. Dessutan er eg nysgjerrig på mennesket og då stiller jo Hitler i ein særkategori. Korleis var han sosialt og ­korleis var han på tomannshand, mannen som styrte Tyskland og store delar av Europa med eit slikt jerngrep?

Margit Sandemo – Sagaen om Isfolket –1982 –1989

Eg las denne bokserien fyrste gongen på 80-talet, og det var rett og slett min veg inn i leseverda. Me las det jo med litt skam, her var det både overtru og sex, men norsklæraren min sa faktisk at det var bra! Då Sandemo døydde i 2018, gjekk eg på biblioteket og lånte heile serien ein gong til. Ho var jo ei dame så definitivt forut for si tid, der ho blanda ­austleg religion med norsk folketru, mystisisme og «den andre sida». I tillegg får du ei slekts­historie frå 1500-talet og fram til moderne tid. Det er veldig lettlese, samtidig som ho har så mykje ho vil ha sagt. Ho skriv for å underhalde oss, undervise oss og eigentleg for å frigjere oss.

Jens Bjørneboe – Jonas – 1955

Me kan vel nesten seie «vår eigen» Jens ­Bjørneboe, med tanke på skriveloftet hans i Leveld? Han var ein forfattar i sterk opp­osisjon til alt det etablerte, og historia om vesle Jonas som kjem til skulen og gler seg til å lære, er vel mykje henta frå Bjørneboe sitt eige liv. ­Etter kvart viser det seg at Jonas ikkje lærer, han puggar. Og då dette blir oppdaga på skulen, får han grådig mykje tyn. Kva gjer me med menneska som treng noko anna enn «normalen»? Dette spørsmålet er jo framleis høgst aktuelt. «Jonas» er ei sterk bok med mykje på hjartet, som også ber i seg eit håp og ein klar bodskap om at det kanskje er dei utanfor normalen som har mest å bidra med!

#leslikogdel