Ål bibliotek

Sveinung Hansen

Prost i Hallingdal

Når eg les, vil eg gjerne bli bevega og engasjert, eg likar å bli riven med. Eg låner gjerne ein bunke med bøker, og om ei bok kjeder meg, så legg henne bort og byrjar på ei ny. Det er ei avkopling som tek meg bort frå kvardagen og gir meg noko nytt. Eg les ganske fort, så det er fint om språket flyt godt, eg trur i grunnen bøker med godt språk sit lenger i minnet. Stort sett plukkar eg bøker av forfattarar eg har lese tidlegare, men så let eg meg også inspirere av andre lesarar. Om ein skal lære noko om mennesket, må ein lese skjønnlitteratur og ikkje fagbøker og psykologi, tenkjer eg.

Naja Marie Aidt – Har døden tatt noe fra deg så gi det tilbake – 2017

I mars 2015 omkom sonen til forfattaren i ei ulykke, 25 år gamal. Aidt har skrive ei rasande og ærleg bok om sorg og korleis det påverkar heile eksistensen. Ei hjarteskjerande bok utan nokon tydeleg ende, eigentleg. Teksten er så veldig i sorga, og er ikkje noko oppskriftsbok på å kome seg gjennom sorg. Den er grådig godt skriven, og godt omsett av Trude Marstein. Boka er nokså fragmentert, med tekstar både frå forfattaren si dagbok og dikt av andre forfattarar som tematiserer sorg og skuld. Gjennom heile boka vender Aidt seg til den døde sonen sin med ein sterk og verkande kjærleik.

Carsten Jensen – Den første sten – 2015

Dette er ein roman om ein gjeng danske ung­dommar som tenestegjer for NATO sine ­styrker i Afghanistan. Me fylgjer ungdommane tett og får eit innblikk i eit tilvære som stort sett ligg langt frå vårt eige liv. For nokre av ung­dommane er det eit rettferdsprosjekt, medan andre er eventyrlystne og vil teste seg sjølve. Romanen er eit oppgjer med tanken om at NATO sitt inngrep har ført noko godt med seg. Eg synest det er spennande at han går på innsida av menneskesinnet i ekstreme situasjonar. Han tematiserer dette med lojalitet og lydigheit, og særleg tenkinga rundt me og dei. Jensen har god kjennskap til ­Afghanistan og krigen der og har skrive fleire bøker rundt same tematikken.

Paul Auster – Illusjonenes bok – 2002

Auster er i grunnen favorittforfattaren min. Eg likar veldig godt språket hans, og han er vel den av dei amerikanske forfattarane som er mest tilgjengeleg og som ikkje skriv så langt! Hovudpersonen har nettopp mista kone og dotter i ei flyulykke, og me møter han djupt nedi whiskyflaska, i ferd med å gå i oppløysing. Me ser eit menneskeliv som går i stykke, men som også prøver å sette saman bitane igjen. Livet rommar så mykje, og innimellom kan ein jo lure på kva som er verkeleg og kva som er illusjon, i alle fall når ein blir sett litt på sida av livet. Boka handlar om å vere i bevegelse, livet kan forandrast, og me som menneske er òg i endring. Auster begynner ofte i det dramatiske, det er krisa eller det uventa som er utgangspunktet hans, og det gir ein heilt eigen driv inn i forteljinga.