Gol bibliotek

Sigurd Ødegaard

Filolog/pensjonist

Interessa mi for språk og litteratur vart vekt på vidaregåande, og valet av filologistudiar fall naturleg etterpå. Tenk å få lese det beste av det som var skrive på engelsk, fransk og norsk!  Eg las ikkje berre for å få gode opplevingar, men også for å få innsikt og kunnskap. Om samfunnet, om psykologiske og sosiale relasjonar menneske imellom, og om historie, ideologiar og politikk. Mennesket fungerer alltid i ein samanheng, og diktinga får dette fram på best mogeleg måte.

Krimbøker rommar mykje meir enn berre brotsverk og etterforsking, og eg set stor pris på bøker om uvanlege menneske, outsidarane.

Unni Lindell – Dronen – 2018

Rivertonprisen, kåringa av årets beste norske­ krimroman, er er like spennande kvart år. Krimdronninga Unni Lindell sin velskrivne krim Dronen vann i vår prisen for 2018, nøyaktig 20 år etter at ho vann prisen sist.

Politietterforskar Mariann Dahle, som no arbeider med gamle krimsaker, tek oss inn i skumle og uhyggjelege scenar i ein nedlagt militærleir. Me møter fascinerande personar av ulike slag og aldrar. Omsorgssvikt, moderne droner og outsidaren er ingrediensar i eit drama der også Mariann Dahle får endra livet sitt.

Lindell skriv drivande godt og legg inn symbolikk i fleng etter hvert som ­handlinga skrid fram. Skildringar av personar og miljø er så gode at ein gjerne les dei to gonger.

Jan Kjærstad – Berge – 2018

I denne tredelte romanen vert me kjent med journalisten Ine Wang som nett har skrive ein biografi om ein nyleg drepen Ap-politikar. ­Ho møter Nicolay Berge, og gjennom tre ulike forteljarar vert me ført inn i eit drama som minnar om terrorhandlinga på Utøya. Kva er det som gjer at menneske handlar som me gjer, og på kva måte vert me påvirka av eit ­kollektivt sjokk? Kjærstad engasjerer, og han set i gang kjensler og refleksjonar hos lesaren i denne litt kompliserte men likevel drivande gode ­romanen. Dei ulike personane fangar interessa vår, og gjennom dei tre forteljarane vev Kjærstad eit fascinerande tablå.

Romanen minnar om ein kriminalroman med open slutt. Me er i ­rettsalen og det er Nicolay Berge som er forteljar:

«Dommeren ser på meg. Lenge. – Berge, sier han, du kan få ordet nå.»  Me blar spente om for å finne Berge sitt svar.

Bjørn Andreas Bull-Hansen – Jomsviking I-III – 2017-19

Vikingtida er ein viktig del av historia vår. I Jomsviking følgjer me unge Torstein frå år 993. Han ser faren bli drepen og vert sjølv teken til fange som træl. Me følgjer han på ferder innan- og utanlands til han sjølv vert lyst fredlaus og vert krigar og leigesoldat (jomsviking).

Me får ei dramatisk forteljing om søsken­kjærleik og kjærleiken til Sigrid.

Bøkene til Bull-Hansen er fiksjon, men fulle av historiske element. Dramatikk og spenning er sett inn i ei sosial ramme spekka med historiske detaljar. Bøkene appellerer til historieinteresserte og spenningssøkjande lesarar. Dersom ein synest bøker på over 500 sider vert for lange, kan ein heller velje Jan Ove Ekeberg sine litt kortare romanar.